Sunday, April 28, 2013

Mest betydningsfulle forandring



Før visste eg lite om andre kulturar. Før kunne eg ikkje svare på spørsmål som: "Fungerer eigentleg bistand? ”. Før trudde eg ikkje at eg kunne vere med å forandre verda.

Hausten 2010 reiste eit litt forvirra bustehue sørover, vekk frå dei trygge fjella i dalstrøka innanfor. Bustehuet var meg.

Med eit ynskje om å gjere noko meiningsfylt, men utan heilt å vite korleis, byrja eg på Hald internasjonale senter. På skulen fekk eg opplæring i global kunnskap, bistand, kampen mot fattigdom, kultur og miljø. Det nærma seg avreise.

Eg skulle arbeide på eit dagsenter for gateborn i Mbale, Uganda. Her fekk eg sjå ein del av den verkelege verda. Eg såg livet langs gatene og på marknaden. Folk hadde tid til å prate med kvarandre og smilande ungar leika med trillande sykkeldekk. Seine kveldar såg eg korleis gateungar krølla seg saman under plastsekkar for å halde varmen. Gjennom prosjektet mitt fekk eg vere med å hjelpe desse ungane. Eg fekk kjenne på maktesløysa ved urettferdigheit, og gleda ved å kunne vere til hjelp.

Det viktigaste var møtet med menneska. Eg fekk vener med heilt andre kulturelle bakgrunnar, idear og tankar. Likevel oppdaga eg at vi ikkje var så forskjellige. Eg lærte at ein liten innsats kan vere til enorm betyding.

Før visste eg ikkje. Nå veit eg betre.





Monday, April 4, 2011

Ein vanleg dag..




 Nokre gonger seier eit bilete meir enn tusen ord...


















Viss du er glad i sandkake....


























.... er det fint å ha ei storesyster som er glad i å vaske.




I Uganda treng ikkje ungane Playstation, DS eller Disney Channel for å bli underhalda. Leiking på gamlemåten vil si at du kan ha mykje moro med ein strikk og eit plastikkrør.



Ein aktiv form for leiking gir eit litt anna utgangspunkt for fysisk form hjå ungane her samanlikna med dei norske.




















Gabi and Abdu in school uniforms (Anneke)!:-)




 























Når det nærmar seg slutten av opphaldet går det opp for ein at ein kjem til å sakne alle ungane...


 

















... det fantastiske personalet på CRO...




















....livet på marknaden og i gatene..




































...men mest av alt: Alle dei gode venene vi har fått.





Wednesday, March 16, 2011

Sorg og glede vandrar hand i hand


-ei oppsummering av førre veke i Mbale

Anders sin familie var på besøk. No skjønar eg kvifor Anders har vorte så triveleg som han har. 














På CRO er det stadig leiking med ungane som gjeld

 



















Vårin kom på besøk frå Kenya


















  


Anders er no så vand med å lage bollar at han kan ta på melis utan å sjå. 




På fjelltur. Du hakke meir’e moro enn du lager sjæl!
















Var i bryllaup i helga. Fekk erfare ”African-time” då me måtte vente neste 4 timar før brudeparet kom.

















På fredag var det ”Introduction”. Her skulle brudgommen plukke ut bruden sin.
Mykje show, moro, venting, pressangar og fine folk i flotte drakter.















Forsøk på gruppebilde. Personleg skulle eg gjerne vore forutan dama i valkampanje-Tskjorta i front og hatt med hovudet til Anders på biletet.

 



















Mannen i midten og dama til høgre er brudeparet.

 



















Promise visste korleis ho skulle sjarmere.

 













 ”Ticket to ride”, ”Settlers” og ”Bohnanza” kvar kveld saman med Anders og Vårin = stas! 















Matlaging saman med nabogutta. God stemning!



På veg til CRO. Triveleg å gå saman med nokre av gategutane gjennom skogen av bananpalmer.















Vart med i begavelsen til den fem år gamle sonen til John (sjåfør på CRO).















Spurde då vi skulle reise derifrå kven som var gravlagt ved sida av den nye grava. Fekk høyre at det var kona og at han hadde mista ein son på seks år i 2006. Som om ikkje det skulle vere nok hadde dottera hans mista begge ungane sine òg.
Verda er urettferdig.
 

Monday, March 14, 2011

Uinteressant avisnotis



”Eg vart forresten banka opp av politiet her om dagen. Eg skulle på kino* i Namatala (slumområde rett ved der vi bur),  men dei tok meg på vegen.”
Det er kameraten min James som fortel. 
*(kino i slummen vil si: Ein stk liten tv med 100 stk ++
glade tilskodarar stua inn i eit lite skur)

Kvifor vart du tatt?

”Dei spurde kva eg gjorde ute så seint, men klokka var jo ikkje halv ti eingong. Eg svara som sant var at eg skulle sjå på fotballkamp.

Kva skjedde då, spør eg?

”Dei sjekka lommene mine, bad meg ta av meg skjorta og legge meg ned. Sidan eg ikkje hadde nokre pengar byrja dei å slå og sparke meg. Ein av dei stod på leggane mine medan fire stk. slo meg med slike wire-låsar ein brukar til syklar. Det var verst då dei traff med den klumpen i enden.  Eg var redd hoftebeinet mitt skulle brekke.”

Det kan ikkje vere sant. Politiet!? Er det ingen du kan melde frå til?

”Melde frå til? Kven skulle det ha vore. Alle politifolka er like korrupte, så det er ingen bryr seg.”

Men er det ikkje politiet sin oppgåve å stoppe slikt?

”Jo, men dei får så dårleg betalt at dei er nøydt til å finne seg andre måtar å tene pengar. Ofte begår dei denne typen ran. Hadde eg berre hatt litt pengar hadde dei mest sannsynleg tatt dei i staden for å banke meg. ”

Lat dei deg gå til slutt?

”Ein av dei bad meg stikke av. Eg sprang frå skjorta mi om kom gråtande heim. Neste dag greidde eg ikkje å sitje. Eg gjekk på skulen, men måtte stå heile dagen. ”




Historia James fortalde meg fekk meg til å tenkje: Kva hadde skjedd om det same hadde skjedd med meg? Mest sannsynleg  hadde etterforsking blitt satt i gang for å få dømd dei skuldige og det hadde vorte store avisoverskrifter heime.
Kvifor er det ingen aviser som vil skrive om James?

Necklaces for survival

Tuesday, February 22, 2011

Fred i heimen

Det har skjedd mykje på CRO den siste tida. Var blant anna med på ”Resettlement” her om dagen. Dvs. køyrde gategut tilbake til familien sin.



















Ein veslebror lurar på kvifor Fred hadde kome heim att og kva mzungu’en dreiv med i stova deira.


Vidare har vi vore med å sende fjorårets rehabiliterings-klasse tilbake til skulen.


















Prøv å tipp om jentene var stolte fyrste skuledag?



Gutta måtte vente litt lenger på uniformene sine, men då vart det jo mykje tid til leiking.


















Fotballkamp. Anders er fungerande cornerflagg.











På veg tilbake er steinkasting på mangotre fast stopp.





Look at me.


Endeleg kunne gutta òg reise på skulen.



Jenipher visar stolt fram kva ho har lært




 



Vaksine er vondt for både liten og stor.






























På CRO er det tid for å starte opp med ein ny rehab-klasse.














Optimist til tross for at ho foreløpig er einaste jente i ei klasse med 26 gutar. (Vart tilslutt 7 stk)


























Ivrige etter å lære.




I helga har det vore presidentval i Uganda.
Nesten heile landet har vore dekorert av valplakatar. Her inne på ein lokal restaurant i Namatala.


















John (ein av gutane eg bur saman med) var med for å  ta imot/telle stemmer.



















I frykt for uro, fekk eg beskjed om å halde meg heime i helga. Til tross for tre drepne, atskillige slåsskampar og arrestasjonar vart det sett på som eit fredeleg val. Museveni vart gjenvald som president sjølv om han alt har sitte i 25 år. 


Les du ”Afrika en vakker dag” av Tomm Kristiansen kan du lese  at det ikkje berre er uskuldige metodar som må til for å ta makta og halde på den i 30 år.















No er folket si bekymring om det blir nokre demonstrasjonar på resultatet.
I avisene står det at opposisjonen planlegg ein massiv protestaksjon, medan andre seier at ingenting kjem til å skje.  Vi får håpe at det ikkje blir dei same urolegheitane her som ein ser i fleire andre afrikanske land om dagen.