Tuesday, November 30, 2010

Birgit og Kikki på besøk





Serverte pizza då dei kom fram.
Legg merke til adventstaken i front. 
Halve passjonsfrukt fungerte som lysestake.

1. Sundag i advent feira vi med fjelltur.

På toppen tå fjellet fann me 
ei ån som me kunne lauge uss i.





Tarzan


Møtet med dei innfødte

Heile hurven på toppen.


Ser'u Anders?

Jungeldyret Hugo

"Veslebilla" hadde aldri sett slik møse før.




Fjellgeit




Trøngt om plassen på bodaboda'n

Jordeplu te nons

Friday, November 26, 2010

Look at me

Nokre bilete frå ein rundtur i Namatala (slumområde rett ved der vi bur)
saman med Start-spelarane + nokre Strømmestiftelsen-folk.

Snørrunge





Når ein er underfora på nærheit...

...er det ein fin ting å kunne leie nokon...


...men til slutt er det ikkje sikkert
at det er ei heil hand til kvar og ein....

....då er det fint at
ein har mange fingrar og lange armar!



Opningsseremoni

På onsdag var endeleg den store dagen kome: Opning av "The New Sports Facility".



Før dei tre fotballbanane + det nye klubbhuset kunne opnast måtte alle ungane som hadde møtt opp stille seg i kø i håp om å få ei av dei 400 T-skjortene som var trykt opp for anledninga.





Dan sikra seg ei av dei!



Ein kvar opningsseremoni med respekt for seg sjølv startar sjølvsagt med eit kjempetog av folk som marserar gjennom byen. Politieskorte og drillkorps er eit minstekrav!
























Siden banen ligger langt borti gokk, måtte ein køyre siste biten. Du bruker den plassen som er når 1000 stk skal køyrast fram.

Utsikt frå det nye klubbhuset


 Start Life Support var ein stor bidragsytar til prosjektet. Norske eliteseriespelarar på lag med CRO-ansatte  = moroforunga!

























Er tid til litt tull mellom kampane.

Lang matkø når 1000 skal ha mat!

Thursday, November 18, 2010

Fridag = tak-dag!

Eit halvferdig nabohus kan fort bli til tidenes veranda. Veldig kjekt å ha ein plass ein kan lese pensum/slække'n i sola & panoramautsikt er aldri feil.
Var litt overskya då eg tok biletet, men det går sjeldan lange tida før sola tittar fram att.




 
Har fri på onsdag, laurdag og sundag, så har blitt nokre tak-dagar etterkvart.



Tuesday, November 16, 2010

Hei sveis!

Idag var CRO stengd pga. Muslimsk julefeiring.

Reiste difor ein tur til frisøren. Etter ein drøy time vart eg omtrent sjåande slik ut. 
Måtte jo prøve det òg ein gong..


Monday, November 15, 2010

Kontrast

Det har vore ei kontrastfull veke i Mbale.

På måndag og tysdag lagde eg ferdig T-skjorta og reklamebanneret. Teikna også nokre bildekort som skal brukast til engelskundervisning.





















På Tysdagsmorgonen vart det informert om at broren til Edith (ei som jobbar på kjøkkenet) hadde blitt drept av nokre kveg-tjuvar.

Fekk omvisning av Brian (gatekid) på marknaden i Mbale. Her kunne du få kjøpt alt frå frukt, grønsaker, sandalar laga av gamle dekk til fisk og skreddarsydde dressar.

På onsdagskvelden døyde også sonen til Edith (av malaria) så på torsdag reiste alle dei tilsette på CRO i begravelsen som skulle vere heime hjå dei. Sto bak på ein lastebil saman med ca 20 andre og humpa innover på ein slags jungel-veg i ein 3kvarterstid tid. Nye skikkar gjorde opplevinga spesiell. Då vi kom fram spelte dei munter afrikansk musikk på nokre høgtalarar som stod utanfor huset deira. Dei som ville kunne gå inn i huset å sjå på liket til den 25 år gamle guten. Edith var naturleg nok heilt i frå seg. Vi vart sittande ute i eit stort partytelt saman med massevis av andre folk. Etter kvart vart kista båre ut. Mange taler vart oversett både til swahili og engelsk. Noko av det som vart sagt var at Paulo alltid hadde vore blid og positiv.
Vart servert eit stort måltid mat: Ris, bønner og kjøt (som skulle etast med hendene). Etter drøye 3 timar var bar dei kista litt lenger ut i skogen/jungelen der dei hadde gravd klart eit høl. Etter å ha lagt ned kista putta dei ei bølgeblekk-plate og litt armeringsjern oppå. Etterpå støypte dei rundt med sement. 

Fredag var det Amel (utvekslingsarbeidar frå Vest-Afrika) sin siste dag. Var derfor god mat og ein slags avslutningssermoni for han på CRO. Veldig artig kar , så synd at han reiser.

På laurdag låg vi langstrakte i sola og las pensum/høyrde på musikk. 4 timar med slækking i solsteiken fører til (for) god farge på bleike mzungu-kroppsdelar som tidlegare berre har sett den halvslappe Norske sola.











Fotballturnering for CRO-tilsette på sundag. Spelte ein omgang men trur ikkje ”luftens baron” imponerte så mange.
Besøk av 1stk lærar frå Nederland, 2stk Røde kors-folk frå Tyskland og 3stk Ugandiske nabogutar (tidlegare gateungar) på kvelden. Laga bakt potet og vaflar til dei.

Nokre bilete