Laurdag 11.desember gjekk turen til Kenya og Infield saman med dei andre norske Hald-studentane som er i Afrika. Kom fram til Scripture Mission, den norske skulen i Nairobi der me skulle bu, etter ein 14 timar lang busstur.
Her vart det plutseleg som å vere i Noreg att: Fullt av mzungu’ar, vestleg mat, skuleundervisning og symjebasseng. Fin plass å vere, sjølv om kontrasten vart stor til kvardagslivet i Uganda (og resten av Kenya).

![]() |
sOLEbrent er flink til å smøre seg |
![]() |
På Scripture misson hadde dei boblebad med sentrifuge. |
Den eine dagen reiste vi til Mathare. Ein slum med sannsynlegvis langt fleire enn 500’000 innbyggarar.
Lokale ungdommar viste grupper på tre rundt i slummen.
Mange sterke inntrykk, men òg spennande å sjå korleis dei levde. Fleire av dei som viste oss rundt hadde starta ein organisasjon som dei kalla ”Lepta”. Dei ynskjer å gje nokre av ressurspersonane ein kan finne i Mathare mogelegheit til å utvikle talenta sine. Eksempel på dette kunne vere song, dans, foto, grafisk design osv. Nokon av gutane frå prosjektet framførte eit par songar for oss. Det gjorde sterkt inntrykk å høyre jamgamle ungdommar med ei brutal fortid og ei usikker framtid synge ”Keep on moving, never give up!”.

Då infield var ferdig var vi ein god gjeng som reiste vidare til Mombasa for å feire jul.
I år vart julemiddagen grilla fisk, ”kjøttkaker” og båtpotetar. Veldig triveleg sjølv om tankane nok reiste heim eit par gonger i løpet av kvelden.
![]() |
Julefeiring i skjorte, shorts og slippers |
Etter julemiddagen var det tid for å gå rundt julebusken nede på stranda. Eg trur dei lokale tilskodarane (+ Finnen) undra seg litt over den store iveren vi hadde for å springe rundt den vesle snøspray-lakka glitterbusken vår. Etterpå var det gåveutdeling (alle hadde kjøpt kvar si gåve som vart lagt under treet) og rakettoppskytning. Når stemninga er god blir det nesten artigare jo mindre futt det er i raketten.
Flotte bilder Øystein!! Det er ei julefeiring vi sent glemmer :)
ReplyDeleteIngrid sier hei!
ReplyDeleteDet ser ut til å være fint badevann. Tante hilser også. Godt nytt år
Flott hvite strender og morsomme bilder. Kan melde om hvite strender i drøbak, det er bare at det er ikke sand men snø...jaja..du får kose deg..digger bloggen
ReplyDeleteTakk for det Martin & gløymer nok ikkje detta med det fyrste nei.
ReplyDeleteHei Ingrid. I vatn var det 30 grader. Gøtt nyttår te heile gjengen!
Kvit jul er aldri feil Torjus!:)