Tuesday, February 22, 2011

Fred i heimen

Det har skjedd mykje på CRO den siste tida. Var blant anna med på ”Resettlement” her om dagen. Dvs. køyrde gategut tilbake til familien sin.



















Ein veslebror lurar på kvifor Fred hadde kome heim att og kva mzungu’en dreiv med i stova deira.


Vidare har vi vore med å sende fjorårets rehabiliterings-klasse tilbake til skulen.


















Prøv å tipp om jentene var stolte fyrste skuledag?



Gutta måtte vente litt lenger på uniformene sine, men då vart det jo mykje tid til leiking.


















Fotballkamp. Anders er fungerande cornerflagg.











På veg tilbake er steinkasting på mangotre fast stopp.





Look at me.


Endeleg kunne gutta òg reise på skulen.



Jenipher visar stolt fram kva ho har lært




 



Vaksine er vondt for både liten og stor.






























På CRO er det tid for å starte opp med ein ny rehab-klasse.














Optimist til tross for at ho foreløpig er einaste jente i ei klasse med 26 gutar. (Vart tilslutt 7 stk)


























Ivrige etter å lære.




I helga har det vore presidentval i Uganda.
Nesten heile landet har vore dekorert av valplakatar. Her inne på ein lokal restaurant i Namatala.


















John (ein av gutane eg bur saman med) var med for å  ta imot/telle stemmer.



















I frykt for uro, fekk eg beskjed om å halde meg heime i helga. Til tross for tre drepne, atskillige slåsskampar og arrestasjonar vart det sett på som eit fredeleg val. Museveni vart gjenvald som president sjølv om han alt har sitte i 25 år. 


Les du ”Afrika en vakker dag” av Tomm Kristiansen kan du lese  at det ikkje berre er uskuldige metodar som må til for å ta makta og halde på den i 30 år.















No er folket si bekymring om det blir nokre demonstrasjonar på resultatet.
I avisene står det at opposisjonen planlegg ein massiv protestaksjon, medan andre seier at ingenting kjem til å skje.  Vi får håpe at det ikkje blir dei same urolegheitane her som ein ser i fleire andre afrikanske land om dagen.

9 comments:

  1. Moro å høyre frå deg att! Kjempe fine bilete du tek.
    Håpar alt er bra i Uganda :)

    Ingebjørg

    ReplyDelete
  2. Det var mange fine bilder og trivelig innblikk i livet på CRO. Ha det bra videre, fra Pappa.

    ReplyDelete
  3. Flotte bilde av deg og ungane! Du betyr mykje både for dei og for oss små og store på Ormåsen. Klem frå tante,

    ReplyDelete
  4. Hei! Likar bloggen din!:D
    Hvordan gikk det med safarien? brukte dere fyren min eller ordna dere det selv?
    Håper alt står til der oppe/nede/borte/eller noe. :D nyt den siste tida!
    Hilsen Malene som var på besøk for en tid tilbake.

    (Si til Andy at han burde oppdatere bloggen sin etterhvert da)

    ReplyDelete
  5. Små & store på Ormåsen betyr mykje for meg òg tante!:)

    Safari'n gjekk superdupert! Takk for gode råd Malene! Tida skal nytast & beskjed til Andy er overlevert!

    ReplyDelete
  6. Hei på du!
    Fytti, sø fine bildi du tek:)
    Det ser ut som om dykken he det bra, og at de fær leika frå dykken litt!
    God bless:)

    ReplyDelete
  7. Fantastiske bilder, Øystein! Imponert.
    Håper alt går bra med dere. Gleder meg til å se dere igjen om ikke så lenge :)

    ReplyDelete
  8. Marte & Marie: Takk for det!
    Gledar meg til å sjå dikkon att snart!:)

    ReplyDelete