Monday, March 14, 2011

Uinteressant avisnotis



”Eg vart forresten banka opp av politiet her om dagen. Eg skulle på kino* i Namatala (slumområde rett ved der vi bur),  men dei tok meg på vegen.”
Det er kameraten min James som fortel. 
*(kino i slummen vil si: Ein stk liten tv med 100 stk ++
glade tilskodarar stua inn i eit lite skur)

Kvifor vart du tatt?

”Dei spurde kva eg gjorde ute så seint, men klokka var jo ikkje halv ti eingong. Eg svara som sant var at eg skulle sjå på fotballkamp.

Kva skjedde då, spør eg?

”Dei sjekka lommene mine, bad meg ta av meg skjorta og legge meg ned. Sidan eg ikkje hadde nokre pengar byrja dei å slå og sparke meg. Ein av dei stod på leggane mine medan fire stk. slo meg med slike wire-låsar ein brukar til syklar. Det var verst då dei traff med den klumpen i enden.  Eg var redd hoftebeinet mitt skulle brekke.”

Det kan ikkje vere sant. Politiet!? Er det ingen du kan melde frå til?

”Melde frå til? Kven skulle det ha vore. Alle politifolka er like korrupte, så det er ingen bryr seg.”

Men er det ikkje politiet sin oppgåve å stoppe slikt?

”Jo, men dei får så dårleg betalt at dei er nøydt til å finne seg andre måtar å tene pengar. Ofte begår dei denne typen ran. Hadde eg berre hatt litt pengar hadde dei mest sannsynleg tatt dei i staden for å banke meg. ”

Lat dei deg gå til slutt?

”Ein av dei bad meg stikke av. Eg sprang frå skjorta mi om kom gråtande heim. Neste dag greidde eg ikkje å sitje. Eg gjekk på skulen, men måtte stå heile dagen. ”




Historia James fortalde meg fekk meg til å tenkje: Kva hadde skjedd om det same hadde skjedd med meg? Mest sannsynleg  hadde etterforsking blitt satt i gang for å få dømd dei skuldige og det hadde vorte store avisoverskrifter heime.
Kvifor er det ingen aviser som vil skrive om James?

6 comments:

  1. Ein veldig godt skreve avisnotis Øystein! Og du som har sagt at du heller vil legge ut skildrande bilete fordi du synes det er vanskeleg å skrive reflekterte tekstar... No skjønar eg at det berre var eit spel for å unngå for mykje mas dei fyrste 5 månadene i Uganda! Smart du!

    Yngve

    ReplyDelete
  2. Kjempebra skrive! Det er skikkeleg ille. Det er tydeleg ekstreme forskjellar mellom Nord og Sør.
    Håpar alt står bra til! :)

    Ingebjørg

    ReplyDelete
  3. Det er nokre negative, men òg mange positive forskjellar. Trur vi har mykje å lære av kvarandre. Øys:)

    ReplyDelete
  4. Tankevekkende og bra skrivi Øystein. Jeg kjenner meg igjen i det du forteller - politiet behandla gateguttene i La Paz på omtrent samme måte. Urettferdig og vanskelig å forstå!

    ReplyDelete
  5. Vondt å lese! James er en fantastisk gledesspreder, og snill som et lam. Politiet kunne ikke tatt mer feil der. Hils han masse fra Thomas&Maria

    ReplyDelete
  6. James er heilt klart ein snill glederspreder. Skal helse han fra dere.
    Trur forresten dei skal ordne innkjøp av verktøy denne veka. Sender ein mail når det er i orden.
    Øystein

    ReplyDelete