Sunday, April 28, 2013

Mest betydningsfulle forandring



Før visste eg lite om andre kulturar. Før kunne eg ikkje svare på spørsmål som: "Fungerer eigentleg bistand? ”. Før trudde eg ikkje at eg kunne vere med å forandre verda.

Hausten 2010 reiste eit litt forvirra bustehue sørover, vekk frå dei trygge fjella i dalstrøka innanfor. Bustehuet var meg.

Med eit ynskje om å gjere noko meiningsfylt, men utan heilt å vite korleis, byrja eg på Hald internasjonale senter. På skulen fekk eg opplæring i global kunnskap, bistand, kampen mot fattigdom, kultur og miljø. Det nærma seg avreise.

Eg skulle arbeide på eit dagsenter for gateborn i Mbale, Uganda. Her fekk eg sjå ein del av den verkelege verda. Eg såg livet langs gatene og på marknaden. Folk hadde tid til å prate med kvarandre og smilande ungar leika med trillande sykkeldekk. Seine kveldar såg eg korleis gateungar krølla seg saman under plastsekkar for å halde varmen. Gjennom prosjektet mitt fekk eg vere med å hjelpe desse ungane. Eg fekk kjenne på maktesløysa ved urettferdigheit, og gleda ved å kunne vere til hjelp.

Det viktigaste var møtet med menneska. Eg fekk vener med heilt andre kulturelle bakgrunnar, idear og tankar. Likevel oppdaga eg at vi ikkje var så forskjellige. Eg lærte at ein liten innsats kan vere til enorm betyding.

Før visste eg ikkje. Nå veit eg betre.





2 comments:

  1. Wow! For ein flott blogg med gode tekstar og fantastiske bilder, Øystein! Spennande å sjå ka du har opplevd uttabygds. Du har betydd mye for dessa ungane kan eg sjå. God mann :)

    ReplyDelete
  2. Takk for det Katrine!... & i like måte. Likte spesielt innlegget ditt frå Hemsedal! ;-)

    ReplyDelete