Det har skjedd mykje på CRO den siste tida. Var blant anna med på ”Resettlement” her om dagen. Dvs. køyrde gategut tilbake til familien sin.
Ein veslebror lurar på kvifor Fred hadde kome heim att og kva mzungu’en dreiv med i stova deira.
Vidare har vi vore med å sende fjorårets rehabiliterings-klasse tilbake til skulen.
Prøv å tipp om jentene var stolte fyrste skuledag?
Gutta måtte vente litt lenger på uniformene sine, men då vart det jo mykje tid til leiking.
Fotballkamp. Anders er fungerande cornerflagg.
På veg tilbake er steinkasting på mangotre fast stopp.
Look at me.
Endeleg kunne gutta òg reise på skulen.
Jenipher visar stolt fram kva ho har lært
Vaksine er vondt for både liten og stor.

På CRO er det tid for å starte opp med ein ny rehab-klasse.
Optimist til tross for at ho foreløpig er einaste jente i ei klasse med 26 gutar. (Vart tilslutt 7 stk)
Ivrige etter å lære.
I helga har det vore presidentval i Uganda.
Nesten heile landet har vore dekorert av valplakatar. Her inne på ein lokal restaurant i Namatala.
John (ein av gutane eg bur saman med) var med for å ta imot/telle stemmer.
I frykt for uro, fekk eg beskjed om å halde meg heime i helga. Til tross for tre drepne, atskillige slåsskampar og arrestasjonar vart det sett på som eit fredeleg val. Museveni vart gjenvald som president sjølv om han alt har sitte i 25 år.
Les du ”Afrika en vakker dag” av Tomm Kristiansen kan du lese at det ikkje berre er uskuldige metodar som må til for å ta makta og halde på den i 30 år.
No er folket si bekymring om det blir nokre demonstrasjonar på resultatet.
I avisene står det at opposisjonen planlegg ein massiv protestaksjon, medan andre seier at ingenting kjem til å skje. Vi får håpe at det ikkje blir dei same urolegheitane her som ein ser i fleire andre afrikanske land om dagen.