Før visste eg lite om
andre kulturar. Før kunne eg ikkje svare på spørsmål som: "Fungerer
eigentleg bistand? ”. Før trudde eg ikkje at eg kunne vere med å
forandre verda.
Hausten 2010 reiste eit
litt forvirra bustehue sørover, vekk frå dei trygge fjella i dalstrøka
innanfor. Bustehuet var meg.
Med eit ynskje om å
gjere noko meiningsfylt, men utan heilt å vite korleis, byrja eg på Hald
internasjonale senter. På skulen fekk eg opplæring i global kunnskap, bistand,
kampen mot fattigdom, kultur og miljø. Det nærma seg avreise.
Eg skulle arbeide på eit
dagsenter for gateborn i Mbale, Uganda. Her fekk eg sjå ein del av den
verkelege verda. Eg såg livet langs gatene og på marknaden. Folk hadde tid til
å prate med kvarandre og smilande ungar leika med trillande sykkeldekk. Seine
kveldar såg eg korleis gateungar krølla seg saman under plastsekkar for å halde
varmen. Gjennom prosjektet mitt fekk eg vere med å hjelpe desse ungane. Eg fekk
kjenne på maktesløysa ved urettferdigheit, og gleda ved å kunne vere til hjelp.
Det viktigaste var møtet
med menneska. Eg fekk vener med heilt andre kulturelle bakgrunnar, idear og
tankar. Likevel oppdaga eg at vi ikkje var så forskjellige. Eg lærte at ein
liten innsats kan vere til enorm betyding.
Før visste eg ikkje. Nå
veit eg betre.