Thursday, December 30, 2010

Infield og julefeiring i Mombasa


Laurdag 11.desember gjekk turen til Kenya og Infield saman med dei andre norske Hald-studentane som er i Afrika. Kom fram til Scripture Mission, den norske skulen i Nairobi der me skulle bu, etter ein 14 timar lang busstur.
Her vart det plutseleg som å vere i Noreg att: Fullt av mzungu’ar, vestleg mat, skuleundervisning og symjebasseng. Fin plass å vere, sjølv om kontrasten vart stor til kvardagslivet i Uganda (og resten av Kenya).













sOLEbrent er flink til å smøre seg


På Scripture misson hadde dei boblebad med sentrifuge. 





Den eine dagen reiste vi til Mathare. Ein slum med sannsynlegvis langt fleire enn 500’000 innbyggarar.


Lokale ungdommar viste grupper på tre rundt i slummen.
Mange sterke inntrykk, men òg spennande å sjå korleis dei levde. Fleire av dei som viste oss rundt hadde starta ein organisasjon som dei kalla ”Lepta”. Dei ynskjer å gje nokre av ressurspersonane ein kan finne  i Mathare mogelegheit til å utvikle talenta sine. Eksempel på dette kunne vere song, dans, foto, grafisk design osv. Nokon av gutane frå prosjektet framførte eit par songar for oss. Det gjorde sterkt inntrykk å høyre jamgamle ungdommar med ei brutal fortid og ei usikker framtid synge ”Keep on moving, never give up!”.


Då infield var ferdig var vi ein god gjeng som reiste vidare til Mombasa for å feire jul.

Etter ein 8+ timars lang busstur kom me fram til Vindigo Cottages.


Svært nøgd med hyttene me skulle bu i.


 







I år vart julemiddagen grilla fisk, ”kjøttkaker” og båtpotetar. Veldig triveleg sjølv om tankane nok reiste heim eit par gonger i løpet av kvelden.



Julefeiring i skjorte, shorts og slippers

Etter julemiddagen var det tid for å gå rundt julebusken nede på stranda. Eg trur dei lokale tilskodarane (+ Finnen) undra seg litt over den store iveren vi hadde for å springe rundt den vesle snøspray-lakka glitterbusken vår. Etterpå var det gåveutdeling (alle hadde kjøpt kvar si gåve som vart lagt under treet) og rakettoppskytning. Når stemninga er god blir det nesten artigare jo mindre futt det er i raketten.

Thursday, December 23, 2010

God jul!

Er i Mombasa til over nyttaar. 30 grader i vatn og god stemning!

Skal oppdatere bloggen naar eg kjem heim (til Mbale) att!
Ynskjer alle heime ei flott julefeiring!

Wednesday, December 15, 2010

Safari

Er for tida på Infield (oppfylgingskurs) i Kenya saman med dei andre norske Hald-studentane som er i Afrika. I tillegg til undervisning og "elevsamtaler" var safari ein del av opplegget.






Birgit & ape. Ape'n til venstre.
Gunnar spelar tetris








Naomi og Marie Louise




Marte Martilla "Mueni" Midtgarden

sOLEbrent 


Marie

Eirik













Friday, December 10, 2010

Bilder på wall'en

Møter du veggen... 


.

... kan du i alle fall trøste deg med bileta som heng på den.





FHS-livet sit fortsatt friskt i minnet..


Familien 207





+ mange fleire pyntar opp ein sliten vegg i Mbale..





Friday, December 3, 2010

Ein liten filmsnutt..


Anders

Tenkte det var på tide med ein liten presentasjon av kar'n eg skal tilbringe dei neste 6 mnd saman med:
Ikkje la deg skremme av ein vill utsjånad: Anders er snill som dagen er lang!

Anders er glad i ungar....,
men likar pizza betre!


Pølsene han har på hue kallast "dræds"! Dei har han montert  for å ligne på Tarzan.





























Veldig glad for at eg havna i hus med slik ein stødig og fin fyr.

(Dessutan er det kjekt å ha ein til å halde styr på himmelretningane, kva slags mat ein kan ete utan å bli dårleg, 
og ein som klarar å formidle litt meir enn "I'm a boy, and that is not only only, but but!")

Tuesday, November 30, 2010

Birgit og Kikki på besøk





Serverte pizza då dei kom fram.
Legg merke til adventstaken i front. 
Halve passjonsfrukt fungerte som lysestake.

1. Sundag i advent feira vi med fjelltur.

På toppen tå fjellet fann me 
ei ån som me kunne lauge uss i.





Tarzan


Møtet med dei innfødte

Heile hurven på toppen.


Ser'u Anders?

Jungeldyret Hugo

"Veslebilla" hadde aldri sett slik møse før.




Fjellgeit




Trøngt om plassen på bodaboda'n

Jordeplu te nons