Monday, November 15, 2010

Kontrast

Det har vore ei kontrastfull veke i Mbale.

På måndag og tysdag lagde eg ferdig T-skjorta og reklamebanneret. Teikna også nokre bildekort som skal brukast til engelskundervisning.





















På Tysdagsmorgonen vart det informert om at broren til Edith (ei som jobbar på kjøkkenet) hadde blitt drept av nokre kveg-tjuvar.

Fekk omvisning av Brian (gatekid) på marknaden i Mbale. Her kunne du få kjøpt alt frå frukt, grønsaker, sandalar laga av gamle dekk til fisk og skreddarsydde dressar.

På onsdagskvelden døyde også sonen til Edith (av malaria) så på torsdag reiste alle dei tilsette på CRO i begravelsen som skulle vere heime hjå dei. Sto bak på ein lastebil saman med ca 20 andre og humpa innover på ein slags jungel-veg i ein 3kvarterstid tid. Nye skikkar gjorde opplevinga spesiell. Då vi kom fram spelte dei munter afrikansk musikk på nokre høgtalarar som stod utanfor huset deira. Dei som ville kunne gå inn i huset å sjå på liket til den 25 år gamle guten. Edith var naturleg nok heilt i frå seg. Vi vart sittande ute i eit stort partytelt saman med massevis av andre folk. Etter kvart vart kista båre ut. Mange taler vart oversett både til swahili og engelsk. Noko av det som vart sagt var at Paulo alltid hadde vore blid og positiv.
Vart servert eit stort måltid mat: Ris, bønner og kjøt (som skulle etast med hendene). Etter drøye 3 timar var bar dei kista litt lenger ut i skogen/jungelen der dei hadde gravd klart eit høl. Etter å ha lagt ned kista putta dei ei bølgeblekk-plate og litt armeringsjern oppå. Etterpå støypte dei rundt med sement. 

Fredag var det Amel (utvekslingsarbeidar frå Vest-Afrika) sin siste dag. Var derfor god mat og ein slags avslutningssermoni for han på CRO. Veldig artig kar , så synd at han reiser.

På laurdag låg vi langstrakte i sola og las pensum/høyrde på musikk. 4 timar med slækking i solsteiken fører til (for) god farge på bleike mzungu-kroppsdelar som tidlegare berre har sett den halvslappe Norske sola.











Fotballturnering for CRO-tilsette på sundag. Spelte ein omgang men trur ikkje ”luftens baron” imponerte så mange.
Besøk av 1stk lærar frå Nederland, 2stk Røde kors-folk frå Tyskland og 3stk Ugandiske nabogutar (tidlegare gateungar) på kvelden. Laga bakt potet og vaflar til dei.

1 comment:

  1. For ei uke du har hatt Øystein. Det må ha vært veldig spesielt å være i den begravelsen, så utrulig trist med den unge gutten. Og det er vanskelig å forestille seg hvordan ho som jobber på kjøkkenet kan ha det. Vi snakkes på skype snart! Håper du får en god dag!

    ReplyDelete