Wednesday, November 10, 2010

Planleggingsmøte

















Det er alltid mykje å drive med på CRO. No om dagen lagar eg ei T-skjorte som skal brukast i forbindelse med opninga av ein ny sports-arena (2-3 fotballbaner og eit nytt klubbhus) & eit banner som skal henge over vegen.

Arenaen bygger CRO med støtte frå Start fotballklubb og Strømme Foundation. Om eit par veker kjem nokre spelarar + nokre Strømmestiftelsen-ansatte nedover for å vere med på opningsseremonien.
















På planleggingsmøtet dukka det opp fleire komitear enn det var folk i styret, men det er jo ikkje så rart at det trengs nokre komitear når Moses (sjefen min) tenkte og invitere om lag 1000 stk. Eg skal vere med å sette utover stolar og telt, men har også ansvaret for å filme og ta bilder frå opplegget.  

3 comments:

  1. Ikke akkurat overraskende at du har mange baller i lufta på en gang, men jeg tar det som et tegn på at du har det bra ettersom du som regel trives med å ha det litt i overkant travelt.

    Håper alt står bra til.

    Hilsen Kristian

    ReplyDelete
  2. Hei Øystein!

    Bra både for CRO og deg at du har mykje å bidra med! Logoen ser fin ut! Er det fjellet vi skal gå på? Ha det bra sålenge! Sjåast i januar!

    Yngve

    ReplyDelete
  3. Alltid nok å finne på Kristian & trivast gjer eg!
    Det er ikkje Mt. Elgon eg har teikna Yngve, men fjellet rett ved der eg bur. Kan gå dit også viss du vil!?:)

    ReplyDelete